Sulefisk AS er eit oppdrettsselskap i Solund
Ei dynamisk og spanande næring med vilje til å skape verdiar for lokalsamfunnet

 

Selskapet Sulefisk AS

Sulefisk AS er eit selskap i Solund som driv matfiskproduksjon. Selskapet har hatt veksande utvikling sidan starten i 1984 når den første konsesjonen vart tildelt og er sidan bygd ved å leggje stein på stein. Selskapet hadde i 2013 ei omsetning på 108 millionar kroner med eit resultat på 25 millionar kroner.

Berekraftig næring

Dei kystnære områda utgjer eit stort potensial for produksjon av sjømat. Det er viktig at denne produksjonen skjer innanfor kva miljøet tåler. Samstundes må ein ikkje gløyme at fisken er levande skjøre skapningar. Sulefisk AS jobbar kontinuerlig for å oppretthalde ei berekraftig og sunn utvikling i selskapet.

Kontroll over produksjonen

Sulefisk legg stor vekt på god fiskevelferd. Med undervasskamera i alle merdene på dei fem lokalitetane til Sulefisk, har vi moglegheit til å overvåke fisken vår 24 timar i døgnet. Kamera har innebygde sensorar som måler temperatur og oksygenmetning i merda.
Følg fisken her.