LEDIG STILLING SOM DRIFTSTEKNIKKAR

Sulefisk AS driv matfiskproduksjon i Solund. Selskapet har pr i dag 5 konsesjonar fordelt på 5 aktive lokalitetar. Her produserer vi årleg om lag 4 000 tonn laks pr. år, tilsvarande 20 000 000 måltider laks hos forbrukarane. I tillegg driv vi også forsknings- og utviklingsarbeid med lukke merdteknologi og tareproduksjon i samband med lakseoppdrett (multitrofisk akvakultur).

Ein stabil og fagleg dyktig arbeidsstokk, innovativ leiing, framsynte aksjonærar, effektive produksjonsutstyr, og gode teknologiske løysningar. Alt dette er faktorar som i samspel er med å gjere Sulefisk til ein stabil og solid arbeidsplass som produserer laks i verdsklasse .

No er vi på utkikk etter ein dyktig og motivert driftsteknikkar til anlegga våre her i Solund.

Viktige arbeidsoppgåver er:

  • Fôring, kontroll og ettersyn av laks
  • Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr, anlegg og båtar
  • Aktivt bruke bedrifta sitt kontrollsystem for fôring og fiskevelferd 

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Fagbrev i akvakultur, høgre utdanning innan havbruk eller anna relevant fagutdanning / arbeidspraksis
  • Produksjonserfaring frå matfiskanlegg
  • Gode samarbeidsevner, ansvarleg og påliteleg
  • Godt humør, fleksibel, løysingsorientert og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg

Motivasjon, lidenskap og personlege eigenskapar kan vege meir enn faglege kvalifikasjonar dersom du viser deg å vere «rett person» på Sulefisk-teamet!

Sulefisk kan by på

  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Moglegheit til å utvikle deg både personleg og fagleg i eit av næringa sine mest innovative selskap

Skriftleg søknad med CV kan sendast til:
Sulefisk AS, v/ Michael Niesar, Eide, 6924 HARDBAKKE
evt på e-post til: post@sulefisk.no

Søknadsfrist: 24. november 2017

Velkommen som søkjar!