Sulefisk i dag

Sulefisk har 5 konsesjonar fordelt på 6 aktive lokalitetar i øyriket Solund, ytterst ute i Sognefjorden. Her produserer vi i snitt 4 000 tonn laks pr år. Dette utgjer ca. 20 000 000 laksemiddagar ute hos forbrukarane.

Ein stabil og fagleg dyktig arbeidsstokk, ei innovativ leiing, framsynte aksjonærar, moderne stålanlegg, brukarvenlege arbeidsflåtar, effektive arbeidsbåtar og topp moderne teknologi. Alt dette er faktorar som i samspel er med å gjere Sulefisk til ein stabil og solid arbeidsplass som produserer laks i verdsklasse.
Røkting, vedlikehald, utprøving av nye driftsmetodar, utviding av lokalitetar, produksjon i lukka merd, tareprosjekt, bruk av luselaser, store investeringar og biologiske utfordringar er noko av det som har fylt kvardagane i Sulefisk dei siste åra. Sulefisk og resten av oppdrettsbransjen er i full fart framover med dei gleder og sorger som føl i kjølevatnet av vekst og utvikling.

«Havet må alltid ha vore draumen og sjansane si scene for sulingane. Medan bøar og beitemark er ulendt og steinete, ligg havet der som ei blank og opa slette. Der seglar ski om kva enn i verda dei vil og brisling i ufattelege, blenkjande stimar. Og der hoppar den mektige, gåtefulle laksen»

Øyvind Kråkås
Forfattar av Sulefisk 25 år

«Havet må alltid ha vore draumen og sjansane si scene for sulingane. Medan bøar og beitemark er ulendt og steinete, ligg havet der som ei blank og opa slette. Der seglar ski om kva enn i verda dei vil og brisling i ufattelege, blenkjande stimar. Og der hoppar den mektige, gåtefulle laksen»

Øyvind Kråkås
Forfattar av Sulefisk 25 år

Historie

Det heile starta med ein draum…

Lakseeventyret starta med brødrene Borgvald og Svein Espeland tidleg på 1980-talet. Ved å stifte Sulefisk ynskte dei å skape aktivitet og arbeidsplassar i heimkommunen sin Solund.  Selskapet vart etablert i 1984 og er i dag det siste lokaleigde oppdrettsselskapet for laks i kommunen.

Lokal forankring og målsetjingar om verdiskaping i Solund er grunnpilarar i drifta vår. Med vilje til å satse og skape verdiar for lokalsamfunnet har Sulefisk i dag vekse seg stort og dannar grunnlag for både arbeidsplassar og utvikling i Solund-samfunnet. Selskapet har framleis basen sin på Eide og både tilsette og eigarar med lokal tilknyting.

Deltaking i fleire forskings- og utviklings prosjekt, samt stadig utprøving av nye og betre metodar vitnar også om Sulefisk sitt ynskje om inovasjon og positiv utvikling både med omsyn til fiskehelse, miljø og HMS.

Borgvald Espeland
Etablerar og dagleg leiar 1984 – 1994

Visjon

Sulefisk sin visjon er at vi skal produsere matfisk av verdskvalitet og bidra til lokal verdiskaping, arbeidsplassar og busetnad i lokalsamfunnet vi er ein del av.  Igjennom våre strategiar, prioriteringar, investeringar og drift har vi ansvar både for fisk, folk og klode. Dette legg også grunnlaget for korleis vi forheld oss til omverda og kva forventingar vi har til våre samarbeidspartnarar og leverandørar.

Akvakulturbransjen i Noreg er i historisk perspektiv ein ung bransje. Likevel har ein opplevd, og vil også i framtida oppleve, ei formidabel og rask utvikling. Mykje har endra seg i selskapet sidan oppstarten i 1984, både med omsyn til metodar, utstyr og organisasjon. Vi skal ta del i vidare utvikling og måten å gjere dette på er å halde fast i dei grunnverdiane selskapet vårt er tufta på.

Laks frå Solund

«Laks frå Solund» er etter kvart vorte kjennemerket til Sulefisk og i dette ligg også grunnlaget for oss som bedrift; Trygg og god mat produsert lokalt i Solund av lokale hender. Dette gjer oss til ein ekstra stolt produsent av eit sunt og viktig produkt for Solund, Noreg og resten av verda!

Med klimaendringar og uro i verda, som også fører til diskusjonar rundt lokalprodusert mat og sårbare system er det fint å tenkje på at Sulefisk produserer all fisken sin i Solund – der vi både bur og jobbar. Vi lagar eit sunt og godt produkt, i ein bransje som er nøye regelstyrt, så vi føler oss trygg på at produktet vi sender frå oss er godt.

Lokal næringsaktør

Det er ikkje til å legge skjul på at vi i Sulefisk er svært stolte av sluttproduktet vårt og at laks i våre auge er noko av den edlaste råvara du kan nytte i matlaging. Likevel er det så mykje meir vi er stolte av i verksemda vår og som er viktige satsingsområde for oss som lokal næringsaktør

Vi er stolte av å bidra til samfunnsutvikling gjennom finansiell støtte til lag og organisasjonar, samt samarbeide med kommunen om ulike prosjekt  og arrangement. Men mest av alt er vi stolte av å skape grunnlag for folk å busette i Solund gjennom å tilby attraktive og gode arbeidsplassar.

For Sulefisk handlar rolla som «lokal næringsaktør» i Solund om mykje meir enn å produsere laks og maksimere profitt. Det handlar om å bidra til å skape eit levande samfunn med eit mangfald av menneske, aktivitetar og tilbod. Eit samfunn som det er godt å bu i og som ungdommen og barna våre har lyst å busette seg i når dei sjølv veks til.

Tidslinje

1984


Fiskeridirektoratet gir positiv innstilling. Førehandstilsagn om at det kan påreknast innvilga løyve til oppal av matfisk.

1984

Den 25. mai 1984 vart Sulefisk AS stifta. Fire fiskedamanlegg blei då kjøpt av Jamek Industri AS.

1985

Seks nye damanlegg kjøpt inn den 25. mai 1984.

1986

Sol Smolt AS etablert. Konsesjon til settefiskanlegg.

1990 - 1995

Fusjon mellom Solund Havbrukssenter AS og Jolaks AS

1992

Godkjent som lærebedrift

1994

Landbase Eide ferdigstilt

1996

Sule Trans AS etablert.

1997

Medeigar Norwell AS

2002

Tildeling og kjøp 4. konsesjon

2004

Tildelt Solund-prisen

2006

Medeigar Salmon Group

2011

IMTA Laks / Sukkertare

2013

Sulefisk Holding vart stifta.

2014

Laserteknologi mot lakselus

2014

Tildeling og kjøp av grøn konsesjon

2015

Ecomerden - Lukka merdteknologi. Samme år medeigar i Fossing Storsmolt AS.

2015

Godfisken AS Sulefisk vert medeigar

2022

Oppgradering av landbase Eide

2023

Sulefisk Eigedom AS stifta

2024 © Sulefisk AS - Levert av Erdal Solutions