Om selskapet

Sulefisk AS vart skipa i 1984 på Eide i Solund. Med vilje til å satse og skape verdiar for lokalsamfunnet har Sulefisk i dag vekse seg stort og dannar grunnlag for både arbeidsplassar og utvikling i Solund-samfunnet. Selskapet har framleis basen sin på Eide og både tilsette og eigarar med lokal tilknyting.

Drifta i dag

I dag har Sulefisk 5 konsesjonar fordelt på 4 aktive lokalitetar. Selskapet produserer gjennomsnittleg 4 000 tonn laks pr. år. Dette utgjer 20 000 000 måltider laks hjå forbrukarane. Ein stabil og fagleg dyktig arbeidsstokk, ei innovativ leiing, framsynte aksjonærar, moderne stålanlegg, brukarvenlege arbeidsflåtar, effektive arbeidsbåtar og topp moderne teknologi. Alt dette er faktorar som i samspel er med å gjere Sulefisk til ein stabil og solid arbeidsplass som produserer laks i verdsklasse .

I tillegg til den daglege produksjonen av matfisk støttar Sulefiskfisk opp om lag og organisasjonar i lokalmiljøet og driv rekrutteringsarbeid i og utanfor eigen kommune. Selskapet har også bidrege til å ha gjort Solund kjent utover landegrensa og er ein aktiv medspelar på å utvikle oppdrettsnæringa i ein positiv retning med omsyn til både miljø og fiskevelferd.