Historie

Når ein skal drive matfiskoppdrett må tilgangen på smolt vere godt sikra. I tidlegare tider starta mange opp med sjølvstendige settefiskanlegg. Etterspurnaden var stor nok til at ein kunne vere sikker på å få levere det ein produserte. Det mest grunnleggjande som trengst for å starte med settefisk, er god tilgang på ferskvatn, og landareal for utsett av kar. På austsida av Gyltevatnet, ned mot Hagefjorden, fann ein begge delar.

Jostein Krakås sitt første steg inn i oppdrettsbransjen var difor å oppsøkje grunneigar Steinar Trovåg for å føreslå etableringa av ei slik verksemd, og ideen fall i smak.

I 1986 fekk selskapet konsesjon til settefiskoppdrett og den første klekkinga gjekk føre seg på ei sjøbu på Gylta. Anlegget slik det framstår i dag vart bygd opp steg for steg frå 1987.

Drifta i dag

Sol Smolt AS leverer jamnt over heile sin smoltproduksjon til Sulefisk sine matfiskanlegg.
Settefiskproduksjonen til Sol Smolt har i dag fire fast tilsette.
Anlegget har klekkebakkar for rogn, startforingshall, uteavdeling med ferskvatn og eigen avdeling for sjøvannstilpassing.

Sol Smolt er i dag i ein spannande utviding- og oppgraderingsprosess. Anlegget skal oppgraderast og kapasiteten aukast. Anlegget skal framleis vere eit gjennomstrøymingsanlegg og dermed gje laksen naturlege og gode levevilkår.

Sol Smolt er godkjent lærebedrift og tilslutta Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk (OKFH)

Frå rogn til smolt

Frisk og livskraftig settefisk er grunnlaget for eit vellykka produksjonsresultat av matfisken. Smoltproduksjon er ein spanande prosess som krev mykje kunnskap både innan teknologi og biologi.

Denne produksjonen omfattar alt som skjer heilt frå rogna kjem til anlegget og fram til smolten har oppnådd rett storleik og vekst. Dette inneber ein vekstfase heilt frå den kjem ut av rogna som plommesekkyngel, og til den har gjennomgått smoltifiseringsprosessen.

Denne prosessen inneber at laksen gjer seg klar for eit liv i saltvatn. Det er etter dette at vi har med smolt å gjere, og ikkje lenger yngel.

Tilsette i Sol Smolt

Bjørn Trovåg

Dagleg leiar (Sol Smolt)
Telefon: 90 82 19 11
Epost: bjorn@solsmolt.no

Terje Mjåtveit

Driftsleiar
Telefon: 91 86 95 77
Epost: post@solsmolt.no

Hanna Lamert

Driftsteknikar Smolt
Tlf. 57786966
Epost: post@solsmolt.no

Hanne Mjåtveit

Driftsteknikar Smolt
Tlf. 57786966
Epost: post@solsmolt.no

2024 © Sulefisk AS - Levert av Erdal Solutions