Laks frå Solund

Ei dynamisk og spanande næring med vilje til å skape verdiar for lokalsamfunnet.

Om SulefiskVåre lokalitetar

Bærekraftig næring

Dei kystnære områda utgjer eit stort potensial for produksjon av sjømat. Det er viktig at denne produksjonen skjer innanfor kva miljøet tåler. Samstundes må ein ikkje gløyme at fisken er levande skjøre skapningar. Sulefisk AS jobbar kontinuerlig for å oppretthalde ei berekraftig og sunn utvikling i selskapet.

Kontroll over produksjonen

Sulefisk legg stor vekt på god fiskevelferd. Med undervasskamera i alle merdene på dei fem lokalitetane til Sulefisk, har vi moglegheit til å overvåke fisken vår 24 timar i døgnet. Kamera har innebygde sensorar som måler temperatur og oksygenmetning i merda.
Følg fisken her.

Sol Smolt AS

Frisk og livskraftig settefisk er grunnlaget for eit vellykka produksjonsresultat av matfisken. Smoltproduksjon er ein spanande prosess som krev mykje kunnskap både innan teknologi og biologi. Sol Smolt AS leverer jamnt over heile sin smoltproduksjon til Sulefisk sine matfiskanlegg.

Laksens livssyklus

Rogn

Rogna utviklast i inkubasjonstankar i ferksvatn. Det er om lag 5000 rognkorn for kvar liter. Egga klekkast så til små fisk med ein plommesekk som syt for næring i det første levestadiet.

Parr

Fisken lev i ferkvatn til dei er omlag 60-100 gram. Vaksinering og sortering er viktig. Stabil vannkvalitet og reinhald er og av stor betydning gjennom heile prosessen. Dei to siste månadane før levering, tilpassast yngelen til eit liv i sjøen (smoltifisering).

Smolt

Dette er det stadiet då fisken går gjennom ei fysiologisk endring som gjer den i stand til å gå frå ferskvatn til saltvatn og såleis bli unge vaksne laks. Smolten fraktast til anlegg i sjøen med brønnbåt. Under transporten aukast saltinnhaldet i vatnet gradvis, slik at smolten tilvenn seg livet i sjøen.

Vekst i sjø og frakt til slakteri

Laksen veks i sjøanlegg til kring 4,5 – 5,5 kg. Laksens liv i sjøanlegget blir nøye overvaka av våre tilsette. Godt dyrehald med fokus på fiskens generelle helsetilstand sikrar laks av høg kvalitet. Den fullvaksne laksen fraktast til slakteri med brønnbåt.

Fabrikk

Når laksen har nådd ei vekt på omlag 4,5 – 5,5 kg, er den klar til å slaktast. Dette går føre seg i moderne fabrikkanlegg, med strenge krav til hygiene og kvalitet. Før slakting, vert fisken bedøva. Etter sløying og pakking i is, transporterast heil fisk til kundar over heile verda.

Distribusjon

Fisk frå Sulefisk distrubuerast over heile verda via trailarar, jernbane, skip og flyfrakt. Høg prioritet er heile tida å ivareta friskheit og kvalitet og å avgrense transporttida. Alle bileta i denne framsyninga er tatt av Sulefisk og deira tilsette.

Laks er digg

Miniserie om laks- og ørretoppdrett på Vestlandet

Miniserien “Laks er digg” er lansert. Denne omhandler laks- og ørretoppdrett på Vestlandet. I første episode får du eit enkelt innblikk i korleis laksen vert produsert.

Sjå i full versjon: