Eit hav av moglegheiter
For Sulefisk er våre tilsette den absolutt viktigaste resursen vi har i selskapet.
For Sulefisk er våre tilsette den absolutt viktigaste resursen vi har i selskapet.
Sulefisk som arbeidsplass
For Sulefisk er våre tilsette den absolutt viktigaste resursen vi har i selskapet. Det er avgjerande for oss å vere ein god og trygg arbeidsplass for desse. Vi er ei mangfaldig kollegagruppe både med omsyn til yrke og nasjonalitet. Leiinga sit tett på produksjonen og samspelet er godt. I Sulefisk er kvar enkelt sitt ansvarsområde og innsats ein viktig del av ein heilskap som må fungere for at vi skal nå måla våre.
I tillegg til sterkt fokus på HMS internt har Sulefisk dei siste åra jobba målretta og kreativt for å ha gode arena for å utvikling av eit godt miljø i verksemda. Målet har vore å skape gode relasjonar gjennom fellesopplevingar og styrka lagfølelse.
Å arbeid som driftsteknikar / røktar i Sulefisk inneber ein variert arbeidskvardag. Viktige arbeidsoppgåver er fôring, båtføring, kontroll og ettersyn av laks, kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr, anlegg og båtar i tillegg til oppfølging av bedrifta sitt kvalitetssystem.
Aktuelle kvalifikasjonar er:
Motivasjon, lidenskap og personlege eigenskapar kan vege meir enn faglege kvalifikasjonar dersom ein viser seg å vere «rett person» på Team Sulefisk!
Vi er stadig på utkikk etter «riktig» kompetanse og resursar til bedrifta og vurderer også åpne søknadar vi mottar utanom søknader på utlyste stillingar.
Både Sulefisk (matfisk) og Sol Smolt (vår lokale settefiskleverandør) er godkjende lærebedrifter i akvakulturfaget. Vi er tilknytta Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk (OKFH).
Det tette samarbeidet vi har mellom matfisk og settefisk gjev lærlingane våre ei unik moglegheit til å følgje fisken frå rogn til slakt og dermed tileigne seg kunnskap frå laksens ulike stadie og viktige arbeidsprosessar i praksis.
Vi har både vaksenlæringar og ordinære lærlingar i bedrifta.
Interessert?
Ta kontakt med OKFH eller direkte med Sulefisk på post@sulefisk.no