Laks

Norge er ein av verdas største produsentar og eksportør av laksefisk frå oppdrett. Atlantisk laks utgjer ca 95% av produksjonen i Norge og regnbueørret utgjer omtrent 5%. Dei kystnære områda utgjer eit stort potensial for produksjon av sjømat. Det er viktig at denne produksjonen skjer innanfor kva miljøet tåler. Samstundes må ein ikkje gløyme at fisken er levande skjøre skapningar.

Sulefisk produserer i all hovudsak laks, men har også i periodar produsert noko regnbueørret. Vi produserer matfisken frå ca. 100 g. smolt til ca. 5 kg matfisk i tradisjonelle opne merdar (stålbur og/ eller ringar). Vi har også ei semilukka merd der vi produserer postsmolt opp til ca 700 gram før den vert flytta til opne merdar.

Vi legg stor vekt på god fiskevelferd. Med undervasskamera i alle merdene på lokalitetar, har vi moglegheit til å overvake fisken vår 24 timar i døgnet. Kamera har innebygde sensorar som måler temperatur og oksygenmetting i merda.