Sulefisk i dag
Sulefisk har 5 konsesjonar fordelt på 6 aktive lokalitetar i øyriket Solund, ytterst ute i Sognefjorden. Her produserer vi i snitt 4 000 tonn laks pr år. Dette utgjer ca. 20 000 000 laksemiddagar ute hos forbrukarane.
Ein stabil og fagleg dyktig arbeidsstokk, ei innovativ leiing, framsynte aksjonærar, moderne stålanlegg, brukarvenlege arbeidsflåtar, effektive arbeidsbåtar og topp moderne teknologi. Alt dette er faktorar som i samspel er med å gjere Sulefisk til ein stabil og solid arbeidsplass som produserer laks i verdsklasse.
Røkting, vedlikehald, utprøving av nye driftsmetodar, utviding av lokalitetar, produksjon i lukka merd, tareprosjekt, bruk av luselaser, store investeringar og biologiske utfordringar er noko av det som har fylt kvardagane i Sulefisk dei siste åra. Sulefisk og resten av oppdrettsbransjen er i full fart framover med dei gleder og sorger som føl i kjølevatnet av vekst og utvikling.