Sol Smolt
Når ein skal drive matfiskoppdrett må tilgangen på smolt vere godt sikra. I tidlegare tider starta mange opp med sjølvstendige settefiskanlegg. Etterspurnaden var stor nok til at ein kunne vere sikker på å få levere det ein produserte.
Sol Smolt AS leverer jamnt over heile sin smoltproduksjon til Sulefisk sine matfiskanlegg.
Fossing Storsmolt
Sulefisk er medeigar i smoltprodusenten Fossing Storsmolt i Kragerø.
Fossing Storsmolt er eit gjennomstrøymingsanlegg.
Sjømat Norge
Sulefisk er medlem i Sjømat Norge. Dette er ei landsforening for fiskeri og havbruksnæring i Nærlingslivets Hovedorganisasjon (NHO). Sjømat Norge er Noregs største sjømatorganisasjon og dekker heile verdikjeda frå fjord til bord i norsk sjømatnæringa.
Norwell AS
Sulefisk er medeigar i eksportselskapet Norwell AS. Eksportselskapet er bindeleddet mellom oppdrettar og marknad.
Godfisken AS
Sulefisk er medeigar i Godfisken AS. Selskapet eig mellom anna to bløggebåtar. Bløggebåt kan bistå ved mellom anna av levering av fisk ved å pumpe opp laks frå merda, bløgge den om bord i båten for deretter å lagre fisken på tankar under transport til slakteri.
Salmon Group AS
Sulefisk er medeigar i Salmon Group AS. Dette er eit nettverk for små og mellomstore oppdrettsverksemder i Noreg. Som medeigar i Salmon Group realiserer Sulefisk stordriftsfordelar gjennom felles innkjøpsavtalar for selskapa i gruppa.