Historie
Når ein skal drive matfiskoppdrett må tilgangen på smolt vere godt sikra.
I tidlegare tider starta mange opp med sjølvstendige settefiskanlegg. Etterspurnaden var stor nok til at ein kunne vere sikker på å få levere det ein produserte.
Det mest grunnleggjande som trengst for å starte med settefisk, er god tilgang på ferskvatn, og landareal for utsett av kar. På austsida av Gyltevatnet, ned mot Halgefjorden, fann ein begge delar.
Jostein Krakås sitt første steg inn i oppdrettsbransjen var difor å oppsøkje grunneigar Steinar Trovåg for å føreslå etableringa av ei slik verksemd, og ideen fall i smak.
I 1986 fekk selskapet konsesjon til settefiskoppdrett og den første klekkinga gjekk føre seg på ei sjøbu på Gylta. Anlegget slik det framstår i dag vart bygd opp steg for steg frå 1987.
Frå rogn til smolt
Frisk og livskraftig settefisk er grunnlaget for eit vellykka produksjonsresultat av matfisken. Smoltproduksjon er ein spanande prosess som krev mykje kunnskap både innan teknologi og biologi.
Denne produksjonen omfattar alt som skjer heilt frå rogna kjem til anlegget og fram til smolten har oppnådd rett storleik og vekst. Dette inneber ein vekstfase heilt frå den kjem ut av rogna som plommesekkyngel, og til den har gjennomgått smoltifiseringsprosessen. Denne prosessen inneber at laksen gjer seg klar for eit liv i saltvatn. Det er etter dette at vi har med smolt å gjere, og ikkje lenger yngel.
Drifta i dag
Sol Smolt AS leverer jamnt over heile sin smoltproduksjon til Sulefisk sine matfiskanlegg.
Settefiskproduksjonen til Sol Smolt har i dag tre fast tilsette.
Kontakt
Tlf. 57786966
Tilsette
Bjørn Trovåg
Dagleg leiar (Sol Smolt)
Telefon: 90 82 19 11
Epost: bjorn@solsmolt.no
Terje Mjåtveit
Driftsleiar
Telefon: 91 86 95 77
Epost: post@solsmolt.no
Hanna Lamert
Driftsteknikar Smolt
–
Epost: post@solsmolt.no